Sikre innbyggjartenester med blockchain

Førestill deg eit konsept der du som innbyggjar er i førarsetet for informasjonen som handlar om deg og tilgangen til denne. Korrekt og fersk informasjon gjort tilgjengeleg gjennom blokkjedeteknologi har potensiale til å revolusjonere dagens informasjonsbehandling og –utveksling.

God samhandling anno 2018 er ofte synonymt med tett utveksling av informasjon mellom instansane, men er dét god samhandling? Er manuell og dataintensiv informasjonsbehandling fortsatt påkravd for å gje best kvalifisert vurdering på størst mogleg informasjonsgrunnlag? Sjå for deg eit konsept der blokkjedene gir livslang historikk og etterrettelegheit på informasjonen om deg, brukt i samhandling med både offentlege og private instansar.

Bør ein heller søke i retning av å redusere omfanget av ressurskrevande saks- vedtaks- og dokumentbehandling, og fase samfunnet over på automatisering og avviksbehandling? For å få til dette vil HIT blockchain redusere kompleksitet og styrke dataintegriteten ved å fjerne tradisjonelle integrasjonar både i og mellom instansane, og erstatte det med skriving og lesing på blokkjede. HIT står for hovedbok for innbyggjartenester.

Instansane og deg

Mellom innbyggjaren og offentlege instansar har det gjennom tidene i samfunnet utvikla seg eit forhold basert på innbyrdes tillit. Vi kan kalle det samfunnskontrakten, der individ og fellesskap søker ein balanse mellom å gi og ta. HIT blockchain vil bygge vidare på dette fundamentet. I løpet av livet må du forhalde deg til mange offentlege-, private- og ideelle organisasjonar, føretak og institusjonar. Instansane behandlar informasjon om deg for å kunne tilby og utføre tenester.

Figur: Instansane og deg, innbyggjaren.

Samhandlingsmodell

Du har kontakt med mange instansar. Instansane har kontakt seg imellom. Internt har instansane utstrakt kontakt med seg sjølv. Fasiten er ein samhandlingsmodell fylt til randen med integrasjonar.

Det som påverkar deg mest er nettopp det som skjer av informasjonsbehandling og -utveksling. Ein enkelt integrasjon utfordrar både informasjonens integritet og kvalitet ved at den kan omsetjast feil, lagrast på ulike format, reduserast, bli berika eller forelda, dupliserast, miste relevans, feilvurderast, bli feilbehandla, gå tapt, med meir. For mange av integrasjonane har instansane lagt ned eit stort arbeid i å sikre at informasjonen er god og korrekt, men som regel kan ingen garantere for at dette blir teke vare på mellom alle instansane. I tillegg er mange av integrasjonane kostbare, kompliserte og tidkrevjande å etablere og vedlikehalde.

Den tredje dimensjonen i dette landskapet etter instansane og integrasjonane, er tid. Mykje av det som skjer i og mellom instansane tek tid, og blir i mange tilfeller repetert om att og om att, dag og natt. Eit faktisk beslutningspunkt om innbyggjaren gjort av innbyggjaren sjølv eller ein instans skjer ikkje om att og om att. Det skjer éin gang og kan lagrast på blokkjeda der og når det skjer.

Figur: landskap med ein skog av integrasjonar

Blokkjeder er ein HIT

Produksjon og utveksling av informasjon om innbyggjaren har som formål å ha oppdatert og kvalitetssikra informasjon for å dele ut tenester, ytelser og plikter. Dette baserer seg i stor grad på at ulike føresetnader og vilkår er oppfylt.

Ved at du og instansane (pro)aktivt og mest mogleg automatisk supplerer den distribuerte blokkjeda, eller hovedboka, med informasjon som har nytte for andre partar og som kan føre fram til nye vedtak, dokument, ytelser og plikter, er første steg mot det saksbehandlingsautomatiserte samfunnet realisert.

For å verifisere at forutsetningar og vilkår er oppfylt kan instansane med HIT slå opp i sin eigen kopi av blokkjeda og finne svara der, både for eigenprodusert informasjon og for informasjon produsert av innbyggjar og andre instansar. Kode og referansenummer for den aktuelle sakstypen, vedtaket, vilkåret, ytelsen eller dokumentet er svaret på spørsmålet. Instansen kan hente påkravde koder og referansenummer, bruke det til å beregne sitt eige vedtak og til slutt publisere ny informasjon på blokkjeda. Med bruk av koder og referansenummer vert det ikkje lagra personinformasjon.

Innbyggjarportalen kan fungere som inngangsport og distributør for HIT blockchain, og den instansen som gir innbyggjaren tilgang til sin blokkjede.

Figur: HIT blockchain. Hovedbok for innbyggjartenester

Potensielle gevinstar: full historikk og tilgangstyring gir innbyggjaren etterrettelegheit, styrka personvern og auka kontroll på sin informasjon. Reduksjon i volum, prosessering og antal integrasjonar og auke i kvaliteten på informasjonen vil på sikt gi store innsparingar for samfunnet i form av redusert saksbehandlingstid og lågare kostnader til utvikling, drift og vedlikehald av integrasjonar. Det vil bli auke i antal kandidatar for automatisert saksbehandling. Større transparens og auka likebehandling for alle innbyggjarar vil styrkje samfunnskontrakten.

Skyv kryptovaluta og profittjag til side og gje plass til HIT blockchain, som representerer ein ny tilnærming til tradisjonell integrasjonsarkitektur, informasjonsutveksling og saksbehandling der informasjon lagrast éin gang, når den er tilgjengeleg, og før den er etterspurd.

Dette innlegget var først publisert hos Digi.no 13. desember 2018

Legg inn en kommentar